alt som er fint

Fem tips for betre hundebilder!

Lurer du på korleis du kan ta betre hundebilder? Her får du fem kjappe tips som vil gjere ein stor forskjell!

Gjer hunden vant til kamera!
Ein av grunnane til at hundebilder ofte blir mislykka, er at hunden tykkjer kamera er litt rart. Når du gøymer deg bak kamera (eller mobilen) og samtidig forsøker å få oppmerksomhet, vil mange hundar dempe ved å snu seg vekk eller kikke i andre retningar. Ta fram kamera, og belønn for oppmerksomhet. Gjer det til ein hyggelig aktivitet for hunden og.

Gå ned på hunden sitt nivå
Bilda blir meir levande og interessante om du går ned på kne, eller legger deg ned, og tar bildet i ca augehøgda til hunden. Då blir motivet meir tydelig og du får ein heilt anna kontakt! 

Ha nok, og riktig lys!
Utendørs er ofte best, men pass på harde skyggar midt på dagen. På solfylte dagar blir bilda best tidleg om morgonen eller litt utpå kvelden, når skyggane er mjuke og fine. Plasserer hunden slik at du ikkje tar bilder rett mot sola, då blir hunden vanlegvis berre ein mørk flekk. Set du den slik at den ser rett på sola vil du sannsynligvis få mysing.

Ta tid til å fokusere
Pass på at du får ansiktet til hunden i fokus, særleg augene. Bruk gjerne stor lukkeropning for å skape dybde eller framheve augene.

Tenk på bakgrunnen!
Mange bilder blir litt “ødelagt” av rotete bakgrunnar. Rydd vekk rot fra bakgrunnen eller plasser hunden ein stad der det er fin utsikt bak. Pass på at det ikkje plutselig vekser eit tre ut av hovudet på hunden, eller at det ligger ting bak som er vanskelig å redigere vekk seinare.
Reine og ryddige bakgrunnar set fokuset på hunden!

Lykke til! Og hugs at alle reglar er til for å brytast. 🙂

Share on facebook

Relatert

Mari Lægreid

Hund, foto og alt som er fint

Instruktør for Canis avd Bergen, atferdskonsulent og godkjend instruktør for Nosework Norge.
Foto av kjæledyr, sau, ville dyr og landskap.

Mari Lægreid

Favorittar
Sponsor
Utforsk