Finsk studie om aggresjon hjå hund

Aggresjon hjå hund er vanlegvis uønska, og kan få alvorlege konsekvensar for hund, eigar og samfunnet. Det er viktig å forstå kvifor nokre hundar vert aggressive, for å forstå korleis ein kan forsøke forbetre problemet ved trening eller å endre avl.

Eit finske studie har funne samanhengar mellom aggresjon hjå hund, miljø og kvar hundane bur. 9270 rasehundar var med i undersøkinga, der 1791 hundar ofte viste aggressiv atferd, og 7479 hundar ikkje viste aggressiv atferd mot mennesker.

 

Fleire faktorar

Studiet fann at det var fleire faktorar som auka sannsynligheten for aggressiv atferd mot menneske, og størst tendens fann dei hjå eldre hundar, hannhundar, hundar med meir frykt, mindre rasar, hundar som bur utan andre hundar og hundar der eigar har ikkje hatt hund før. 
Det var og skilnadar mellom rasar.
Resultata er dei same som frå tidlegare forskning, og antydar at betre informerte eigarar og avl kan hjelpe mot aggresiv atferd mot menneske, og at genetiske studier kan avdekke arvelege faktorar.

Frykt

Den største koplinga til aggressiv atferd var frykt. Usikre/fryktsomme hundar, og lydsensitive hundar, har tidlegare og vore kopla til aggressiv atferd mot ukjende. Aggressiv atferd stammar vanlegvis frå frykt, og fryktrelatert aggressiv atferd er generelt uønska atferd. Den finske studia skilde ikkje mellom fryktrelatert aggressiv atferd og anna aggressiv atferd. 

 

Hannhund

Det var signifikant kopling mellom kjønn og aggressivitet. Hannhundar hadde høgare sannsynlighet for aggressiv atferd enn tispene. 
I studiet var det 53% tisper.

Eldre hundar

Hundane i studiet var mellom to månader og 17 år gamle, med ein gjennomsnittsalder på 4,6 år. Dei eldre hundane var meir sannsynlege aggressive hundar enn dei yngre. Same assosiasjon mellom alder og aggressivitet har vore funnen før, med varierande resultat på skilnad i alder, og aggressivitet mot eigar vs mot framande. 
Aggressivitet kan vere eit symptom på smerte/ubehag, og det er mogleg at eldre hundar har sjukdommar som gjer dei meir aggressive pga smerte, dårleg syn og liknande.

Rase

Frå hundane i studiet var det langhåra collie som viste mest aggressiv atferd. Rasen viste og meir frykt.
Minipuddel, dvergschnauzer, schæfer, spansk vannhund og lagotto  viste og høg sannsynlighet for aggressiv atferd. I denne studien var det labrador og golden retriever som hadde lågast sannsynlighet for aggressiv atferd. 

Små hundar

Små hundar viste teikn til å vere meir aggressive enn smedium/større hundar. Dette i samsvar med tidlegare studier. 
Andre studier har vist at små hundar er kopla til meir frykt, og slik kan det henge saman at små hundar er meir sannsynlege til å vise atferdsproblemer enn større. 

Erfarne eigarar

Eigarar som hadde hatt hund før, hadde hundar som var mindre aggressive enn dei som var førstegongseigarar. Tidlegare erfaring med hund kan vere ei orsak til at eigarar til dømes er meir merksame på sosialisering, eller å oppfatte problematferd på eit tidlegare punkt. 

Aleinehund

Hundar som budde med andre hundar, var mindre sannsynleg aggressive enn hundar som budde utan andre hundar. Andre studier har vist at fleire hundar tydar og på at det er mindre sannsynleg aggressiv atferd mot eigar og mot andre hundar. 

Kjelde: Aggressive behavior is affected by demographic, environmental and behavioural factors in purebred dogs. Salla Mikkola, Milla Salonen, Emma Hakanen, Sini Sulkama, Cesar Araujo, Hannes Lohi.

Direktelenke til artikkelen her: https://www.nature.com/articles/s41598-021-88793-5.pdf