Kvalpebiting – mulige orsakar?

Det kan vere mange grunnar til at kvalpane bit, og mange “typar” biting. Eg har her forsøkt å oppsummere ein del grunnar, så blir det forhåpentligvis lettare å tolke og forstå kvifor akkurat din kvalp bit i forskjellige situasjonar.

Dei fleste av desse typane kvalpebiting går over av seg sjølv, all “vanleg” kvalpebiting forsvinn av seg sjølv. Den som vil henge igjen er lært kvalpebiting, altså dersom kvalpen lærer av erfaring av biting fører til noko dei vil ha, eller at dei unnslipper noko dei vil unngå. Merk at biting og kan ha medisinske orsaker, som eg ikkje har tatt med her.

Kvifor bit kvalpen din?

 

Fordi den er ein kvalp.

Kvalpar smakar på alt. Dei puttar alt i munnen for å finne ut kva det er, korleis det smakar og kva som skjer når dei tygger litt på det. Tygging kan og vere digg i seg sjølv.

Gi kvalpen eit utvalg av forskjellige tyggeleiker, og bytt dei ut med jamne mellomrom så den ikkje går lei.
Dette går over av seg sjølv.

 

Fordi den er trøtt.

Det er veldig vanleg at dei blir rabiate og biter masse når dei er overtrøtte. 

Pass på at kvalpen får nok søvn. Den bør ha fleire perioder med god søvn i løpet av dagen, og helst minst ein soveplass der den aldri blir forstyrra når den søv og kviler.
Overtrøtt-raptus dukker særleg opp seint på kvelden med heftig biting, men kan forekomme heile døgnet. 

Fordi den er hyper!

 

Blir kvalpen for engasjert eller stimulert kan lett bli heilt propell, mister all sjølvkontroll og er umulig å håndtere. 

Dukkar spesielt opp under herjing og leik med andre kvalpar, spretne vaksne hundar eller ungar. Ting går over stokk og stein og dei greier ikkje styre seg. 
Ta gode pausar i leik, og ikkje la kvalpen herje til den bli hyper. Gå roleg inn i mellom og stopp leiken medan den er god når du ser at det blir litt krakilsk tilstandar. Bruk gjerne eit lite godbitsøk som avledning og for å roe ned.

Fordi den er frustrert.

Kvalpen bit gjerne meir når den er litt frustrert. Frustrasjon kan komme fordi den blir holdt fast, ikkje kjem til det den vil ha, under pelsstell og kloklipp, når du skal ta på selen og så vidare.

Problemet kjem ofte fordi me skal ha dei til å gjere ting dei ikkje har lyst til, og aldri har trent på. 
Planlegg kva du vil at kvalpen skal gjere i slike situasjonar, legg opp til suksess så du får gjort det du vil på ein hyggeleg måte, og belønn kvalpen for samarbeid.

Fordi du har lært den det.

Nokre kvalpar tykkjer dei reaksjonane dei får når dei bit er noko av det beste som finst, og du blir ei gigantisk tyggeleike. Dei kan gjerne velge seg ut nokon i familien som er meir festlig å tygge på enn andre, fordi reaksjonen dei får er morosam.

For nokre kan det fungere fint å rope “au” når kvalpen bit og gå vekk/avslutte leiken. Det er ein fin måte å bryte kvalpebiting på. Men dersom du ropar “au” eller “nei”, og for eksempel:

Fortsetter å leike
Vifter med hendene
Springer avgårde 
Dyttar vekk kvalpen
Lagar masse lyd

…eller gjer andre ting som kvalpen tykkjer er gøyalt, så lærer du kvalpen at biting fører til leik.
Ofte er dette svært vanskelig for dei yngste, og det endar med tårer og kvalpar som heng fast i gensarermer. Ungar og kvalpar bør ikkje få leike fritt aleine. 

Fordi den ikkje vil kose.

Dei kan gjerne like å kose når dei er passe trøtte, eller søke opp mennesket sitt når dei er litt redde og usikre, men veldig mange kvalpar likar egentlig ikkje kosing. Den kan lære seg at dersom den biter så sluttar du, og då vil den fortsette med det.

Det betyr ikkje at ein skal tvangsholde kvalpen fast til den gir opp, men at du kan lære den at kosing er ein fin ting – ved å ta kortare koseøkter. Klø og kos litt på kvalpen i tre til fem sekunder, og slipp opp/gi den mulighet til å gå sin veg. Dersom den blir hos deg kan du kose litt til, og så gi valget å gå i fra igjen. 

Kos gjerne med kvalpen slik at den får gå fritt, anten oppe i sofaen sammen med deg eller nede på golvet. Lær den gjerne å oppsøke fanget sjølv for å få kos, ved å gi den muligheten til å gå derifra når den har fått “nok”. Og lær ungane i familien det samme.

 

Fordi den må på do!

Dette merka eg spesielt godt med Prim då ho var liten. Dersom ho vart heilt krakilsk og berre skulle bite – så måtte ho ofte på do. 

Av og til blir dei heilt rabiate fordi magen trykker og dei egentlig må på do – men skjønner det kanskje ikkje heilt sjølve. Kanskje har dei mageknip og greier ikkje formidle det på andre måtar. Ein liten svipptur ute får vanlegvis fart på magen og den får tømt tarmen. Da blir alt betre – heilt til neste gong. 

Fordi den er svolten.

Når hungeren gnager så blir eg og ganske sint, sjølv om eg ikkje biter så ofte. Kvalpen veit kanskje ikkje at den er svolten, men ubehaget og frustrasjonen kan føre til biting.

Dei veks i rykk og napp, og kan plutselig ha meir behov for mat enn veka før. Av og til har dei og hoppa litt over måltider fordi dei ikkje hadde matlyst kvelden før, eller fordi dei kasta opp forrige måltid. Sånt skjer. Veldig svoltne kvalpar kan bite etter hender og føtter og alt dei får tak i. 

Fordi den er redd.

Mange kvalpar kan fort bli litt redde hender, føtter og brå bevegelsar. Særleg dersom kvalpen er litt “reservert” og nervøs frå før,  eller den blir behandla litt røft og voldsomt for å bli “satt på plass”.

Kvalpen kan då bite for å forsvare seg, og for å forsøke å unngå å havne i dei situasjonane den tykkjer er ubehagelig. Til dømes bite når hender nærmar seg – fordi den er redd for å bli tatt hardt i nakken. 

Unngå å prøve å sjefe over kvalpen ved å vere hardhendt, det er heilt unødvendig og det finst mange andre og hyggelige metodar for å vere ein grei leder. Tren håndtering på ein hyggelig måte, og la kvalpen få bli kjent med at det aldri skjer noko vondt når den blir tatt på – så vil den heller aldri trenge å forsvare seg.

Kvalpebiting

Kvalpebiting kan vere svært slitsom. Nokre kvalpar er spinnville i kvalpebitingstida – andre noko rolegare – og ofte går det ut over hender, føtter, sko og alt anna kvalpen får tak i. Veldig ofte kan dei bite meir på enkelte familiemedlemmer enn andre.

KVALPEBITING GÅR ALLTID OVER AV SEG SJØLV

Jepp. Du slipper faktisk å gjere noko som helst for å få det til å slutte. Det er INGEN vaksne hundar som driv med kvalpebiting. Det går alltid over, og sluttar ein eller annan gong rundt den tida dei bytter frå kvalpetenner til vaksentenner. (Vanlegvis rundt fem mnds alder – litt avhengig av rase/individ)

Kvalpane lærer og utforskar verda ved å bruke munnen. Biting og tygging på ting kan vere for å utforske og finne ut kva som er gøy å bite på, det kan vere fordi dei klør i munn og gummar, eller av heilt andre grunnar. 
Det er heilt naturleg at dei prøver seg fram, og det er ein viktig del av oppveksten at dei får lov til (og tør) å utforske. Det betyr likevel ikkje at du skal vere ei vandrande biteleike.

Trygge kvalpar blir trygge vaksne

For å få ein trygg kvalp, er det viktig å sette grenser på ein fin måte. Hundar lærer av konsekvensar, og for å komme seg gjennom kvalpebitinga må du lære deg å avlede, tolke kva type biting som foregår, og gi riktige konsekvensar av atferd. Vær høflig, grei og tolmodig, det går over!


For nokre kan det fungere å pipe litt høgt, avslutte leik og gå sin veg, dersom kvalpen blir for heftig i biting på hender og føtter. Ved å pipe/sei “au” litt høgt og plutselig imiterar ein den atferda kvalpar har seg i mellom som er den dei normalt lærer bitehemming av. Du bør og avslutte aktiviteten ved å fjerne deg sjølv – då lærer kvalpen at å bite på hender fører til at leiken sluttar og du går din veg.
Tell til ti før du tar opp igjen leik eller aktivitet med kvalpen. Repeter om den startar på nytt 

Forsøk så langt du kan unngå å la vere å prøve å true/skremme/straffe kvalpen frå kvalpebiting. Dei fleste kvalpar taklar å bli sagt “nei” til, men om det funkar, så er det fordi dei vert skremde. Etterkvart lærer dei vanlegvis fort at det ikkje skjer noko meir, alternativt lærer dei at du kan plutselig bli uforutsigbar og skummel. Bruk heller “nei” som eit stoppsignal – og tren det bevisst ved å belønne det du vil at hunden skal gjere.

Det er dessverre ein del oppdrettarar og aktive hundefolk som framleis bevisst brukar metodar som skal stoppe kvalpebiting og uønska oppførsel ved straff. Det er heldigvis på veg “ut” og eit fåtall som framleis heng litt igjen i gamle metodar, men du vil nok møte på folk som gir velmeinte men dårlege råd. Typisk er råd om å rope Nei høgt og trampe i bakken, holde munnen til kvalpen igjen, legge kvalpen på rygg, ta tak og slenge den over golvet, klype hardt i øyra, sprute vatn og liknande. Alle variantar av konsekvensar som skremmer/truar kvalpen kan gi uønska bivirkningar og det vil du helst unngå.