Noseworkkonkurranse

Laurdag 9. oktober, og søndag 10. oktober blir det Noseworkkonkurranse på Dovre!

Endelig tid for konkurranse igjen! Og denne gongen blir det på Furuhaugli Fjellhytter i vakre Dovre!

Vi har fått tak i Naomi Sund som dommar, og gler oss til to dagar med søksutfordringar!

Laurdagen blir det “vanlig” NW1-konkurranse. Det vil sei at ekvipasjen får prøve seg i alle søksmomenta, og skal gjennom innendørssøk, utandørssøk, køyretøysøk og emballasejsøk. Eitt funn i kvart moment, og finner de alle så får de tittel! 
Søndag er det køyretøyspesialist, så det blir fleire søk med kun køyretøy.

Det er vanleg at søka blir delt opp, så ekvipasjen går ein runde med søk, så lunsjpause før siste søka. Sannsynlegvis gjer me det slik denne gongen og, og brukar Furuhaugli sine lokaler som pauserom. 🙂


Ein konkurranse i Nosework i klasse ein skal være ein gøyal utfordring, og ikkje for vanskelig. Utfordringa er i hovudsak tenkt å vere at det er nytt miljø, og ikkje at søket i seg sjølv er eksepsjonelt utfordrande. 


I utgangspunktet kan alle hundar delta, sjølv hundar som går på faste medisinar eller har problem med å omgåast andre hundar. Gi beskjed om du treng tilrettelegging i form av litt ekstra plass/rom når du går til/frå søksområda!

 

Du melder deg på her!

Luktgjenkjenningstest (LGT)

Luktgjenkjenningstesten (LGT) er ein test alle ekvipasjar må bestå, for å kunne konkurrere i Nosework. Testen er eit emballasjesøk, med tolv pappøskjer, der det er gøymt eit funn i den eine og verken fører eller hund veit kva øskje som er riktig.

 

Formål

Testen skal vise at hunden kan finne duft i ukjent emballasjesøk, og at førar kan lese hund. 
I motsetning til i konkurranse, så kan testen gjennomførast ein stad ekvipasjen er vant til å trene, som gjerne gjer terskelen litt lågare for dei fleste! Det er ein fin start for dei som er nye med konkurranse, og kanskje eit morsomt mål for deg som berre vil aktivisere og ha det moro med hunden!

Registrerte ekvipasjer

For å delta på LGT må førar vere medlem av Nosework Norge. Hunden må vere vaksinert og registrert med chip (eller med regnr i NKK), bevis på dette sendast arrangøren. Chipnummeret er viktig for å kunne registrere resultatet i Nosework Norge sitt system. Hundar som går på faste medisinar (t.d. smertestillande, eller kastreringschip) kan og delta! Du treng berre levere eit eigenerklæringsskjema til Nosework Norge, som ønsker ein enkel oversikt på kor mange det gjeld.

Testen

Sjølve testen gjennomførast typisk med kun ekvipasjen, testleiar og funksjonær til stades. Du får eit oppvarmingsområde før testen der du kan få gjort eit lite treningssøk på eiga hand før testen startar.
I testen står det tolv like pappøskjer, som er maks 15 cm høge. Øskjerne står med ca ein meters mellomrom, og anten i ei rekke på tolv eller i to rekker på seks.
Frå ekvipasjen kryssar startstreken har den tre minutt på å finne ut kva for øskje som inneheld duft. Testen er ein bestått/ikkje bestått test, så det er i utgangspunktet ikkje så mykje du kan gjere feil her! Tre minutter er ganske lenge, så du har god tid. 

Når du trur hunden din har funne den riktige øskjar, så seier du frå til testleiar, og får beskjed med ein gong om det er rett eller feil. Var det rett kan du juble og belønne med ein gong, men av hensyn til neste deltakar er det greit om du flyttar deg ut av søksområdet først, så det ikkje er risiko for å miste belønningar i søket. Tok du feil får du vite kva øskje som er riktig, og kan la hunden søke ferdig, sånn at den får ein hyggelig erfaring.

Godkjend som ekvipasje

Det er ekvipasjen som består testen, så om førar har fleire hundar, eller hunden fleire førarar, så må kvar ekvipasje bestå for seg. For å delta i konkurranse klasse ein, så må du bestå LGT for bjørk. Etter å ha bestått LGT bjørk kan du og ta LGT for anis, og deretter for kryddernellik. Etter testen får du resultatkort, som du skal ta med deg på konkurranser/seinare LGT.  Kortet viser kva LGT du har tatt, og titlar og napp du har fått.

Kvar

Alle godkjende instruktørar i Nosework Norge kan dømme på luktgjenkjenningstestar, alle kan arrangere så lenge dei har ein instruktør til å dømme. Testen kan arrangerast ute eller inne, og kan i utgangspunktet gjennomførast overalt så lenge det er nok plass til emballasjen. Arrangementet må søkast om på førehand hjå Nosework Norge, minimum tre veker før.

Lykke til!

hund søker etter noseworkduft i fem bøtter

Nosework koppen del 1

Tirsdag var første kveld med Nosework-koppen! Ein uhøgtidleg serie kveldskonkurranse i 2021 med litt annleis Nosework-utfordringar. 

Tema denne gong var emballasje, og det vart lagt ut fire søk. I serien vil MINST eitt søk kvar kveld vere tilsvarande eit ordinært søksmoment, og MINST eitt søk vil vere litt utanom det ordinære. 

Første søk

Ganske ordinært emballasjesøk med 12 forskjellige pappøskjer. 

Andre søk

Fem murerbøtter stilt opp i ring. Q-tips med duft limt fast under kanten på den eine.

Tredje søk

Seksten fyrstikkøskjer lagt utover i rekke.

Fjerde søk

Stolar stilt opp i ein bue med pappkassar oppå.

 

Det er lærerikt å sjå så mange hundar gjere dei same søka. Eg hadde trudd at emballasjesøket skulle vere det enklaste, men etter at aircondition vart installert i vinter har dette rommet tydeligvis endra seg! Bøttesøket var det overraskande mange som tok veldig greit, veldig imponerande særleg sidan ingen hadde gjort slike søk før. Nær alle hundane markerte oppi bøtta, og ikkje på utsida.
Fyrstikkøskjesøket vart omtrent som forventa, det er i utgangspunktet ikkje ulikt vanleg emballasjesøk, men øskjene er så små (og dufta gjekk tydeleg oppover i rommet) at dei fleste hundane ikkje greidde fokusere på dei. Ei grei påminning om at sjølv om hunden søker oppover – så kan førar lese rommet og forstå at dufta kan komme frå lengre nede.
Stolsøket var nok og ukjend for mange, men teoretisk mulig å møte i ein konkurranse.

Alt i alt var det to hundar som greidde tre av fire søk (Kicki og Balder), godt jobba av begge! Alle deltakarar greidde minimum eitt funn, veldig bra jobba når settingen (og vanskelighetsgraden) var såpass merkelig!

Korleis starte med Nosework

Har du høyrt at søksaktiviteter passar for alle hundar, men lurer på korleis komme i gang?

Nosework er ein søksaktivitet på hunden sine premissar, som utnyttar hunden sin gode luktesans og mulighet til å finne kvar luktene kjem frå.

Duftene

I sporten Nosework er det valgt ut tre forskjellige dufter som hunden skal finne. Desse har i utgangspunktet ingen betydning for hundane, så når duftene blir introdusert må hundane først lære at akkurat desse duftene har verdi. I Noreg brukar me dei same duftene som i USA; Bjørk, anis og kryddernellik fra essensielle oljar. For aktiviseringa si del er det ikkje viktig kva duft du brukar, og det er ikkje så vanskelig å lære hunden andre dufter seinare.

Søk

Nosework passar for alle hundar, uansett rase. Alle hundar kan søke og leite, og det kan verke “meiningslaust” for ein del eigarar å skulle bruke tid på å trene på sjølve søkinga – det går jo ikkje an å lære ein hund å bruke luktesansen.
Den viktigaste delen av søksarbeidet er likevel akkurat det å lære dei når det løner seg å snuse, korleis dufter oppfører seg i forskjellige miljøer og kvar dei kan finne duftkildene. Dei må lære seg uthaldenhet, at dei ikkje kan stole på at førar veit kvar kilda er, og at det er skikkelig skikkelig gøy å finne kvar kjelda er!

 

Søk etter primærforsterkar

Den anbefalte måten å trene Nosework på, er å starte med søk etter primærforsterkar. Hunden skal søke etter og finne ting som den blir veldig glad for å finne, til dømes godbitar eller ei leike. Bruk av primærforsterkaren slik gjer søket meir meiningsfullt for hunden, som blir meir interessert og engasjert i kva me vil at den skal gjere. Me ønsker ein sjølvstendig søkshund, som tar eigne beslutningar og stolar på si eiga evne til å finne! 

 

Observere

Førar si viktigaste rolle i Nosework er kanskje å observere og tilrettelegge for sin hund. Me observerar hundane og lærer oss å tyde når hunden søker etter duft, når den har funne duft og prøver å finne kvar den kjem frå, og korleis den ser ut når den har funne duftkjelda. Hunden skal leite, og me skal forstå. Me tilrettelegg for hunden ved å gjere søka passe vanskelege, støtte hunden i vanskelege miljø, gi hunden nok plass til å arbeide sjølvstendig og å belønne godt når den finn. Det er fantastisk å sjå hundane våre i sjølvstendig arbeid!

 

Emballasje

Emballasjesøket er ein viktig del av Nosework. Det er ein enkel måte å få hunden i gong og forstå kva leiken går ut på. Pappkassane vert brukt i innlæring, hjelp hunden å søke i forskjellige miljø, og vert brukt både i luktgjenkjenningstestar og i konkurranse. Gjennom emballasjen kan du og legge opp mange forskjellige typar søk som gir hunden ulike erfaringar. 

Du kan bygge slott, breie veggar, labyrintar, høge tårn eller hus som hunden må gå inn i. Slik kan hunden få både erfaringar på luktbilder, men og øve seg på reine meistringsoppgåver ved å stikke hovudet inn i pappkassar, brøyte seg gjennom pappveggar eller å søke høgt og lågt.

Kurs

Det er fullt mogleg å lære eigen hund Nosework på eiga hand. Eg anbefalar likevel å gå nybegynnerkurs, særleg om det er første gong du trenar søksarbeid. Det er svært lærerikt å sjå forskjellige hundar i arbeid, og dele erfaringar på korleis legge opp søk. Kurset bør fokusere på tilrettelegging for kvar ekvipasje, og på å bygge opp søksforståinga hjå hunden. At den kjenner igjen miljøet og har det gøy med å leite!

 

 

 

Kvar kjem Nosework frå?

Nosework


Nosework er i vinden som aldri før her på vestlandet, og større skal det bli! Men kva er det eigentleg, kva skil nosework frå andre typar søksaktivitetar?

Nosework vart starta i USA som ein type aktivitet som skulle sysselsette tenestehundar som var gått av med pensjon. Desse hundane gjekk ofte frå svært hektiske dagar med mykje aktivitet, til “ingenting”, og trong framleis å vere i aktivitet for å fungere i kvardagen og å ha gode liv. Samstundes ønskte dei som starta Nosework å bidra med aktivisering av hundar på omplasseringssentre i USA. Slike sentre har ofte mykje støy og uro.

Bakgrunn frå arbeid med tenestehundar

Dei bygde opp ein søksaktivisering som tek utgangspunkt i korleis dei trena tenestehundane sine når dei var i arbeid.

Grunnleggarane arbeidde dagleg med trening av operative søkshundar (toll, narkotika, politi, minehund m.m.), og forenkla treningsmetodane noko. Enklare opplegg for at det skulle vere lettare i kvardagen og på omplasseringssentra. 

Etter kort tid fann dei at ikkje berre fekk tenestehundane betre liv, men det vart meir ro på omplasseringssentera. Det vart lettare å finne nye heimar til hundane, og færre kom i retur. Aktiviteten spreidde seg til fleire stader, og nye eigarar ville gjerne trene vidare sjølve. Slik vart Nosework ein organisert sport på grunn av etterspørselen, og det spreidde seg ut til andre land.

Nosework er laga for hunden

Det som særleg skil Nosework frå andre søksaktivitetar, er at det er ein sport på hunden sine premissar. Det er enkle innlæringsmetodar, som er lette å forstå for både hund og eigar – og der fokuset ligg på mestring og glede hjå ekvipasjen. Førar lærer å observere, forstå og stole på sin hund, og hunden lærer å forstå duft, mestre miljø og bygger tillit til seg sjølv og førar. Det er eit fantastisk verktøy særleg for unghundar og “problemhundar”, men passar for alle som ønsker å være med på ein trivelig aktivitet med hunden sin!